ENO Hengekøyer

Historia om ENO - Eagle Nest Outfitters - starta i 1999, med ein plan om å køyre frå Florida og opp den amerikanske austkysten i minivan, for å selje hengekøyer på festivalar og andre arrangement. Folka bak er dedikerte til å dele lidenskapen for hengekøye, og til å lage og selje "the most comfortable hammocks in the world".

LETTE HENGEKØYER I HØG KVALITET

- Ei dobbel ENO-hengekøye veg berre rundt ein halv kilo, og pakkast saman til ein liten ball. Dermed er den lett å få med seg, uansett kor turen går

1% FOR THE PLANET

ENO lagar gode hengekøyer av høg kvalitet - og i somme tilfelle er fargane omvendt av det som er avbilda, slik at dei får utnytta alt av materiale, og ikkje ender opp med unødvendige stoffrestar. I tillegg erdei, som fleire av våre andre favorittmerker, med i 1% for the planet- initiativet. Det betyr at dei kvart år gir 1% av deira årlege sal til organisasjonar som arbeidar for klima og miljø. I tillegg plantar dei to tre for kvar hengekøye som vert solgt! 

PAKKELISTA TIL HENGEKØYETUREN

Det er fort gjort å gløyme noko viktig når ein skal ut på tur, og det er ekstra kjipt når man er ute i naturen og ikkje kan stoppe innom næraste butikk for å fikse det. 

Derfor har vi skrive pakkelista for deg, så slepp du å risikere det. Den finn du her.