Helle: Stolt handverk og kvalitet i kvar kniv


 Vi har tre generasjonar med arbeidarar som gjer denne jobben med stor innsats, ferdigheit og glede. Vi har bevisst rekruteringspolitikk på at den eldre garde skal lære opp dei yngre i god tid før dei trer av. Og slik går ferdigheitene vidare i generasjonane. 

På både korte og lengre turar kjem ein liten, skarp kniv fort til nytte - og ofte også til heilt andre ting enn ein kanskje ser for seg når ein pakkar og planlegger. Derfor er det både viktig og verdt det å investere i ein god kniv, ein kniv som held. 

Det er her knivane frå Helle kjem inn. Her er det råvarer av høg kvalitet, lange handtverkstradisjonar, og ei gjennomgåande stoltheit, både for historia, for maskineriet og handtverkarane, og for det endelege produktet. Kvart einaste steg av produksjonen skjer nemlig på same stad, i Holmedal. Og det, det merkar du på knivane. 

Sjekk ut utvalet knivar her

Handtverket som ligg bak har gått frå generasjon. Det same har dei maskinene som er del av prosessen. Dei er gamle, og godt vedlikehaldne. Og knivar som er laga på denne måten, kan også bli gamle. Gå frå generasjon til generasjon. Så lenge ein tek godt vare på dei.