Hengekøyetur - dette pakkar du!
Kva er det eigentleg ein treng pakke med seg på hengekøyetur? Hengekøyetur kan nok seiast å vere ein av årets store trendar, og det med god grunn. Her har vi samla alle våre hengekøye-pakketips, sånn at du ikkje gløymer det viktigaste når du skal på tur.
For at natta i skogen skal bli god, så trengs ei god hengekøye. Er du usikker på kva hengekøye som er best til ditt bruk? Les vår hengekøyeguide her. Her svarer vi på alle dei mest vanlige spørsmåla vi får om hengekøyer, og litt til!
HENGEKØYE-TILBEHØRET
Avhengig av kva variant du går for, så er det noko tilbehør som gjerne kjem i tillegg. Det aller viktigaste - tau! Vi har enkle opphengstau, som er ferdig knytte og gjer hengekøyinga kjempelett. I tillegg har vi Moonstraps, som er like enkle å bruke, men som er meir tre-vennlig, i at den gnagar mindre på barken. Myggnetting og tarp held deg myggstikk-fri og tørr heile natta.
SEKKEN
Ein god sekk med godt bæresystem og plass til det du treng er gull verdt. Her er nokre av våre favorittar. Kva sekk som passar best avhenger litt av kor omfattande turane du skal på er. Uansett kan vi anbefale sekkane frå Osprey, som har noko i ein kvar storleik og til eit kvart bruk.
SOVEPOSE
Ta med sovepose. Det er kanskje en av dei meir åpenbare punkta på pakkelista. Hengekøya er laga av tynt materiale, så det kan bli kaldt uten! Sjå utvalet vårt her.
LIGGEUNDERLAG
Vi elskar liggeunderlaga i ull frå Utmark. Dei sklir ikkje rundt i hengekøya når du søv, og isolerar heilt sjukt godt. En hengekøyefavoritt!
SOVEMASKE!
Slit du med å sove når det er lyst? Ei god augemaske løyser det problemet!
MYGGBESKYTTELSE
Mygg kjem det til å vere på hengekøyeturen. Sånn er det berre. Til norsk skog og mark klarer du deg med eit mildare myggmiddel enn til for eksempel safari-turen. Care Plus Natural brukar sitron og ecualyptus, og kan brukast frå 3 mnd og oppover, medan Care Plus Sensitive Spray og Roll On har henholdsvis 12,5% og 20% icaridin, eit virkestoff som er mildare mot huda, naturen, og deg. Desse kan brukast frå 2 år og oppover. Les meir om dei ulike myggmidla våre her.
Og - om du skulle få eit myggstikk likevel, klikk vekk kløa!
ULL! ALLTID ULL
Vi elskar ull. Ull til alt. Ull varmar når det er kaldt, kjøler når det er varmt, også når det blir vått.
Les meir om favorittmerka Icebreaker og Houdini her.
EN GOD FLEECE
Det perfekte mellom- eller ytterplagget til når sola begynner å gå ned og det blir kjøligare i lufta. Houdini sin Mono Air er det råaste du finn av syntetisk fleece - som slepp ut betydelig mindre mikroplast enn konvensjonelle alternativ.
Lommekniv er din beste venn på tur. Du får liksom alltid bruk for den på ein eller annan måte. Og - ikkje gløym eit lite førstehjelpskit, til når du skjærer deg på lommekniven eller snublar i ei rot. Lommelykt er også veldig greitt. Helst hovudlykt, så har du begge henda fri. Dei geniale solcellelampene våre frå norske Bright! er også et fint tilskudd til turen.
FØRSTEHJELPSKIT
Ein av dei få tinga vi anbefalar å pakke sjølv om ein tenkjer at ein absolutt ikkje skal få bruk for det. Eit lite førstehjelpskit er fint å ha når ein er ute på tur, og er veldig verdsatt dersom ein mot formodning brått skulle trenge det.
VANNTETT POSE
Det kan bli fuktig på natta, sjølv om det er meldt strålande vér. Putt mobil, powerbank, kamera og andre dupedittar som ikkje er så glade i å bli våte i ein vanntett pose!
REISEHÅNDKLE
Bade? Skal du henge nær eit vatn eller sjøen er det ikkje usannsynlig at du føler deg freista til eit bad på morgenen for å våkne opp litt. Reisehåndkle i lin er naturlig antibakterielle, tørkar raskt, absorberar godt, og er skikkelig pene.
TIL MATLAGINGA
Hugs at det er generelt bålforbud over heile landet frå 15. april til 15. september. Lag mat på tilvist plass, og gjer vurderingar. Vi har både primus og turgrill som er supert for matlaging på tur! Er det veldig tørt, så kan du ta med deg ferdig varm mat og morgenkaffe i (mat)-termosane våre!
LYS!
Det blir mørkt i skogen sjølv på lyse netter. Våre bestselgjade solcellelamper veg lite, tek liten plass, og lyser lenge.
DRIKKEFLASKE
Kald vann (eller riktig temperert vin?) er must på alle turer. Vi digger Hydro Flask sine flaskar!
BØKER OG KART
Finn dei beste hengekøyeplassane - litt vekk frå alle andre! Her kan du sjå utvalet vårt av turkart i Noreg. Når du er fremme kan du nyte ein god reiseskildring.