Nyheit: SANDQVIST
Det er ikkje hemmelig at vi er svake for bærekraftige, funksjonelle og fine ryggsekkar, og vi er stadig på jakt etter nye favorittar. Det har vi funne i svenske Sandqvist.
HISTORIA
Historia til Sandqvist starta med ein gjeng barndomsvener i Sverige. I 2004 starta dei eit eksperimentelt designprosjekt, som etter kvart har utvikla seg til å bli sekkemerket Sandqvist.
Dei trekk inn dei skandinaviske røtene sine som ein viktig del av verdigrunnlaget til merket - bærekraft og omsyn for miljøet, design med høg kvalitet, og kompromisslaus funksjonalitet.
I SKJÆRINGSPUNKTET
På Nomaden er vi opptekne av funksjonalitet. At ting skal fungere skikkelig, skikkelig bra til sitt formål, sjølvsagt, men også gjerne at eit produkt skal fungere til fleire ting. For eksempel at en sekk skal være like god på sykkelen gjennom Oslo på vei til jobb, som håndbagasje på reisa, til ei overnatting eller to, eller berre til soppturen i marka.
Og det - det er på mange måtar kjerna av korleis Sandqvist tenker om sine design. Funksjonelle, smarte og praktiske til dei fleste gjeremål - men utan å gå på kompromiss med design og estetikk.
ANSVARET
Sandqvist har fire områder dei fokuserar ekstra på, for å gjere ein positiv skilnad, og ta ansvar for utslepp og forureining knytt til eigen produksjon.
Desse fire områda er klimaendringar, kjemikalier, biologisk mangfald og vatn.
I tillegg gjer Sandqvist noko kult, som dei meir nerdete av nomadene alltid blir skikkelig gira når merker gjer - dei er transparente om verdikjeda si. Det betyr at alle ledda i produksjonen - frå dei som dyrkar bomullen, til kven som fargar skinnet, og kven som syr saman sekken, samt korleis den finn vegen til deg er lett tilgjengelig for forbrukaren sin. Det er gøy, og gir også høgare tilitt til at menneske og miljø vert ivaretatt gjennom produksjonskjeda.