Smittevern på Nomaden

Det er framleis pandemi, og smittetala har vore stigande lenge. No er både nasjonale og Oslo-spesifikke smittetiltak skjerpa, og vi har sjølvsagt rutiner på plass - for å gjere handelen tryggast mogleg både for deg og for oss! God, trygg handel!
  • Vi har ope kvardagar 10-18 og laurdagar 10-17

     

    • Vi vaskar og desinfiserar kortterminal, håndtak og andre berøringsoverflater hyppig 
    • Er enda meir nøye med handhygiene enn til vanleg
    • Passar på å halde avstand til kundane, og følgjer med på at det ikkje kjem for mange inn i butikken samtidig. Vi håper på forståing for at de kan bli bedt om å vente. 
    • Vi tek kun imot betaling med kort, og ikkje med kontant.
    • Nettbutikken er open, og de er velkomne til å bestille der og hente i butikk, raskt ut og raskt inn!

    Vi ber om at du følgjer butikkvettreglane: 
    • Brukar håndspriten i døra før og etter besøket
    • Maks 8 kundar i butikken samtidig. Vi ber om at de viser tålmodigheit og er villige til å vente ute dersom det er mange i butikken. 
    • Holde avstand til kvarandre og oss, minst ein meter - aller helst to
    • Vi frårådar å prøve kle i butikken
    • Ikkje ta på varer eller overflater uten at det er nødvendig – spør oss veldig gjerne om hjelp, vi er her for nettopp deg
    • Gjerne nytt munnbind når du handlar hos oss

    • Hvis du er i karantene, snu, nyt den friske lufta på veg heim, og besøk oss heller på nomaden.no - vi sender ut neste virkedag

     Stor luftklem frå Nomadene <3