Å bade ute - heile året

Når vi ikkje får reist til varmare strøk og late oss på stranda heile dagane, må vi få saltvatn-dosen vår ein annan plass. For eksempel i Oslo-fjorden. Utanfor fellesferien. Den aller enklaste måten å komme i gang med heilårsbadinga er å berre.. ikkje slutte å bade når fellesferien er over. Då venner ein seg sakte men sikkert til det stadig kaldare vatnet. Å bade i kaldt vatn skal visstnok være bra for både immunforsvar, humør, og ulike vondter i kroppen - og i tillegg viser nyare forsking at det kan ha ei forebyggande effekt på demens. Uavhengig av korvidt desse helsefordelane stemmer eller ei, så er det ein veldig koronavennlig aktivitet, som definitivt vekker opp ein groggy heimekontorkropp. 

Vinterbading er ikkje for alle, og det er heilt greit. Men - har du lurt litt på å dyppe tåa i det og prøve, så har vi samla våre beste tips for å gjere det til ei god, og ikkje minst trygg, oppleving her! 

Her finn du også våre tried and tested favoritt-greier til å ha på (og med) oss før, etter og under badet! 


Reisehåndkle fra Lovely Linen er alltid med på bad - heile året. 

Badevettreglane: 
  1.  Ikkje bad åleine! Aldri. Ha alltid med deg nokon til å passe på.  

  2. Vær trygg på omgivelsane der du skal bade. Sjekk at det er enkelt å komme seg opp igjen, at det ikkje er skumle straumar, eller vanskelige vær- og vindforhold.

  3. Gå sakte ut i vatnet. Det er så klart gøyast å hoppe eller stupe, og kanskje enklare også - men det aukar også sjokk-effekten av det kalde vatnet, og er derfor ikkje det luraste, spesielt ikkje i starten. 

  4. Ikkje vær i vatnet for lenge. Det er ikkje ein konkurranse om å vere tøffast eller mest utholdande, og eit raskt bad er nok til å kjenne kulda på kroppen og få dei gode effektene av det.

Nokre gode badetips: 

  1. Det høres kanskje litt teit ut - men er det skikkelig kaldt, kan du bade i ullsokkar. Det gjer faktisk ganske stor forskjell.

  2. Om du ikkje har tenkt å dukke under, kan det også vere greitt å ha ei god hue for å holde øyrene varme og håret tørt.

  3. Kle deg i ull når du er ferdig med å bade! I tillegg til å vere godt og varmt, så held det fortsatt på varmen om det blir litt fuktig, så det går fint om du er litt ivrig med å få på deg varme kle etter badet og ikkje er skikkelig tørr!

  4. Ha varm drikke klar til når du er ferdig med å bade - så får du fortare varmen i deg igjen etterpå! 

Eit kaldt bad gir eit skikkelig kick til blodsirkulasjonen, så dersom du får på deg tørre kle raskt etterpå, vil du bli god og varm igjen på null komma niks.

Null stress, med andre ord. Så lenge du følger badevettreglane, altså!