6 produkter
Opptur Stad
Ordinær pris 499,00 kr Salgspris 299,00 kr Spar 40%Opptur Stad skildrar dei beste turopplevingane i Stad kommune i Nordfjord. Kommunen vart danna i 2020 ved at Selje, Bryggja og Eid gjekk saman. Stad er ein av dei lengste og smalaste kommunane i landet, 120 km etter vegen, frå innlandet til kysten. Naturen er makelaus, frå bratte fjell ved Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa, til Vestkapp, det majestetiske fjellplatået og landemerket lengst vest på Stad-halvøya.
Boka inneheld 146 turar, dei aller fleste fotturar til fjells. Her er også sentrumsvandringar i Nordfjordeid og Selje, bygdevandringar og turar til historiske stader som heilagøya Selja, Dragseidet og Sagastad. Boka har 7 sykkelturar, som dannar ei samanhengande rute på veg mot havet.
Opptur Stad har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
Utgitt: mai 2022
nynorsk
Opptur Ytre Sogn og Fjordane
Ordinær pris 498,00 kr Salgspris 299,00 kr Spar 40%OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE skildrar dei beste turopplevingane på kysten av gode, gamle Sogn og Fjordane, frå Gulen og Solund i sør til Selje og Stad i nord. Eit fjord- og fjellandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Boka tek deg med til dramatiske toppar som Hornelen og Lihesten, toppar på dei fleste av øyane og fjella langs kysten, og nærturar i bygdene og byane. Boka inneheld også fotturar og sykkelturar langs havkanten.
I boka er det med 163 turar i følgjande kommunar / tidlegare kommunar: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Av dette er 140 fjellturar, 10 sentrums- og kulturvandringar og 13 sykkelturar. Sykkelturane dannar ei samanhengande rute frå sør til nord, pluss avstikkarar ut på øyane, og er lagde opp slik at ein kan krysse fjordane med ferjer og rutebåtar.
OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE har både lette og meir krevjande turar, med fyldig omtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE kjem ut i samarbeid med Ytre Sogn Turlag, Flora Turlag, Keipen Turlag og Ytre Nordfjord Turlag.
Opptur Ytre Sunnmøre
Ordinær pris 499,00 krOPPTUR YTRE SUNNMØRE er ei skattkiste av gode turopplevingar. Store og små øyar ligg som perler på ei snor, både sør og nord for Ålesund. Her er det ope landskap, nydeleg turterreng og utsyn i alle retningar. Lenger inne er vegetasjonen rikare, bakkane brattare og toppane høgare, med kremtoppen Lauparen i Ørskogfjella på 1434 moh. som den høgste fjellturen i boka.
OPPTUR YTRE SUNNMØRE inneheld 160 turar, av dei 141 fotturar og 19 sykkelturar. Følgjande kommunar/område er med: Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy.
OPPTUR YTRE SUNNMØRE har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og stipulert turtid. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
Utgitt: aug 2022
nynorsk