Nomaden - Reisebutikken

Black Friday? Nei takk. Svart kaffe? Veldig gjerne!
Inspirasjon

Black Friday? Nei takk. Svart kaffe? Veldig gjerne!

TEKST / BILDE Ingeborg Heltne

Vi ønsker alle kundane våre velkomne på fredag, men med oss får du ingen fantastiske hipp hurra-tilbod på Black Friday. Du får heller ein god kopp svart kaffe - det er passande nok på ein svart fredag, er det ikkje det?

Dei siste åra har det norske markedet omfamna Black Friday, og no i mange tilfelle også Black Week til det fulle, og vi få ofte spørsmål frå kundar no når det nærmar seg slutten av november, om kva som kjem på tilbod med oss. Då er svaret ganske enkelt, og det same kvart år - absolutt ingen ting. 

Black Friday er for det første veldig unorsk, og er ein tradisjon vi har lånt frå USA. Det er greitt nok det, og vi tek ikkje avstand frå alt som har med lånte tradisjonar, mange av dei kan tross alt vere ganske koselige. Men ved Black Friday går grensa, i alle fall for oss.  

Det er fordi vi ser at Black Friday-tilbod føyer seg inn i rekka med ting som legger til rette for eit overforbruk som på ingen måte er verken bærekraftig eller nødvendig, verken for planeten, for små bedrifter, eller for oss som forbrukarar. Som ein reisebutikk, må vi sjølvsagt annerkjenne at vi legg til rette for forbruk, men vi er likevel opptekne av å tilrettelegge for at kundane våre kjøper varer dei faktisk treng, til den prisen vara faktisk er verdt, verken meir eller mindre. Det er fordi vi har ein enorm kjærleik til planeten vår, og til menneska som lev på den, og derfor vil unngå å tilrettelegge for produksjon og salg som ikkje er i tråd med dei verdiane vi har. 

Hvis du er oppteken av lokal-handel, og å støtte små bedrifter, er det også viktig å hugse på konsekvensane sånne tilbud har for små butikkar og produsentar! La deg heller freiste til å kjøpe bra varer til den prisen dei er verdt, og ikkje 70% av! 

Vi held ope som vanleg på fredag, men oppfordrar alle som kjem innom til å senke skuldrane, og drøyme seg vekk til andre delar av verda, med ein kopp skikkelig god og varm svart kaffe og litt betre samvittigheit! 

Er det noko du lurer på i forhold til vår holdning til Black Friday, er det berre å ta kontakt! 

Klem Nomadene❤

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV!

Få med deg tilbud, nyheter og ting som skjer hos oss.

circle-arrow-up