Nomaden - Reisebutikken

Eit Sunnmørs-eventyr..  og litt til
Inspirasjon

Eit Sunnmørs-eventyr.. og litt til

TEKST / BILDE Ingeborg Sævik Heltne

Når vi tenkjer ferie, tenkjer vi ofte på det store utland. Gjerne så ulikt Noreg som mogleg. Men - ein Noregsferie er ofte ikkje feil, altså. For når Noreg er bra, så er det veldig få ting som kan slå det. Og så er jo sjølvsagt Sunnmøre finaste delen av landet - i følgje mi heilt nøytrale meining som sunnmøring! Her er nokre av mine favorittar, mest frå Sunnmøre, men bitte litt frå “feil side” av fylkesgrensa også!

Korleis kome seg dit?

To gongar daglig, heile året, går Møreekspressen frå Oslo og oppover til Sunnmøre. Det er ein lang busstur, men på nattbussen er det behagelige seter og ladeutgang, og på dagbussen er heile vegen fyllt med fine øyeblikk av norsk natur. Tog er dessverre ikkje det mest tilgjengelege, då det er langt mellom togstasjonane på nordvestlandet, men ein kan ta toget til Åndalsnes og buss vidare. 

Ellers går det direktefly både til Hovden, Volda-Ørsta Lufthamn og Vigra, flyplassen i Ålesund.

Pakkeliste

Her finn du vår ultimate Norgesferie-pakkeliste. 

Kva er verdt å få med seg?

Runde Fyr er kanskje min favorittplass i verda. Runde er ei lita øy i Herøy Kommune, heilt ytterst i havgapet. Den er mellom anna heim til ei av europas største lundefugl-koloniar, så er du der ved solnedgang kan du vere så heldig at du får sjå lundefuglane kome flygande tilbake frå havet. På Runde er der også eit fyrtårn, der tilhøyrande fyrvoktarboliga har blitt gjort om til DNT-hytte, slik at ein kan tilbringe natta der ute - med dårlig dekning, og kanskje Noregs finaste utedo-utsikt!

Foto: Vagafoto, via 62° Nord, nytta med løyve.

Skotholmen - for sjømatelskaren,  er ein liten holme i Herøy kommune. På denne vesle holmen ligg Kami Restaurant, som tilbyr sjømat frå nærområdet av den høgaste kvalitet. Restauranten ligg i ei sjøbod frå 1800-talet, og er ei herlig oppleving!

https://www.skotholmen.no/kamiskotholmen/

Foto: Vagafoto, via 62° Nord, nytta med løyve.

Fjellstova i Ålesund er ein favoritt blant cruise-turistane, men er faktisk verdt å få med seg. Store delar av Ålesund sentrum brann ned i bybrannen i 1904, og då vart alt bygd opp att meir eller mindre samtidig - i jugendstil. Dermed er Ålesund veldig samanhengande stilmessig, og frå fjellstua får du sett byen strekke seg ut mot havgapet.

Geirangerfjorden er på UNESCO si verdsarvliste. Veldig flott, med andre ord. Ferga frå Hellesylt og innover fjorden er dyr, men veldig flott. Vil du spare litt, går det også an å køyre rundt, og det er ganske flott det også. Geiranger gjer seg nok aller best på sommarstid, der du kan nyte deilig ferskbakst frå Geiranger bakeri, eller ete sjokolade frå Geiranger Sjokolade, som mellom anna lagar Brunost-Sjokolade. Litt rart, og veldig godt. Langs Geirangerfjorden ligg også fleire fantastiske fjellturar i varierande vanskelegheitsgrad, om du ønskjer ei meir aktiv tilnærming.

Hotell Union Øye er "for eventyrere, Konger og Dronninger, og deg", som dei skriv på heimesida si. Perfekt for deg som vil ha ei lita tidsreise, og litt deilig luksus i løpet av Noregsferien din. Dette er ei perle av eit hotell, omringa av flott sunnmørsnatur, og lange tradisjonar som kan sporast tilbake til opninga i 1891. Føler du deg ekstra modig kan du booke ei natt på det Blå Rommet, der du kan møte på tjenestejenta Linda… som døde på 1890-talet ein gong, men som visstnok ikkje har forlatt Øye enda.

Foto: Jonas Bendiksen, via 62° Nord, nytta med løyve.

Hakallegarden er eit godt tips til familieferien. Dette er ein utruleg koselig besøksgård på Hakalle i Vanylven, og ein favoritt blant veldig mange lokale familier. Nyt deilige vafler, kaffe og lokal saft på låven, og hels på alle dei forskjellige dyra i naturskjønne omgivelsar. Ein favoritt blant dei minste, som kanskje endåtil kjenner att staden og dyra frå barnetv.

Foto: Hakallegarden, nytta med løyve

Sæbø Fjordsauna er nettopp ein sauna, flytande på fjorden i majestetiske sunnmørsomgivnadar på Sæbø. Ein finn liknande ting mellom anna fleire stader i Oslo, men det kan faktisk ikkje samanliknast.

Foto: Sæbø Fjordsauna, nytta med løyve

Over til feil side av fylkesgrensa

(Beklagar, alle frå Vestland.. masse kjærleik <3)

Lovatnet har du kanskje sett bilete av før. Turkist vatn verdig eit kvart tropeparadis, men omringa av høge, norske fjell. Lovatnet er iskaldt, beståande av smeltevatn frå fjelltoppane rundt, men åh, så vakkert og forfriskande.

Loen Skylift ligg ikkje langt frå Lovatnet, og er ei gondolbane som tek deg til toppen av Hoven, meir enn tusen meter over havet. Her har dei ein restaurant, grill, cafe og souvenirbutikk, med panoramautsikt over det kjende naturlandskapet rundt. Og - reiser du hit på vinteren, har du moglegheita til å ake heile vegen ned til botnen av dalen igjen, sju kilometer med rein fartsglede.

Foto: Loen Skylift, nytta med løyve

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV!

Få med deg tilbud, nyheter og ting som skjer hos oss.

circle-arrow-up