Nomaden - Reisebutikken

Nomaden miniguide: Tall Ships Races
Reisetips

Nomaden miniguide: Tall Ships Races

TEKST / BILDE Ingeborg Heltne

Sjå for deg dette: du står ved roret på ei stor seglskute, langt vekk frå alt som heiter land, mobildekning, sivilisasjon, einaste lysa du ser er frå skipet og frå månen og stjernene over deg. Det høyrest kanskje ut som noko som kun skjer i sjørøvarfilmar, noko du kun kan gjere dersom du heiter Jack Sparrow. Men slik er det ikkje – heldigvis for oss.

Solnedgang frå dekk. Foto: Privat

Kvar sommar går Tall Ships Races av stabelen, der små og store seglbåtar frå heile verda seglar om kapp mellom europeiske hamnebyar. I kvar hamn er det ein stor festival for å feire båtane, mannskapa og medseglarane. Og medseglarane, det er folk som meg og deg. Kven som helst kan nemleg vere ein del av det heile, og ta del i den daglige drifta og seglinga.

Einaste krava som vert stilte er at ein må ha fylt 15 år, og at ein er med god helse. Ei av skutene som ofte deltek – Lord Nelson frå Storbritannia er endåtil tilrettelagd for at folk med funksjonsnedsetjingar kan delta på lik linje med funksjonsfriske.

Som medseglar vert ein delt inn i vaktlag, der ein til faste tider døgnet rundt er på vakt, og får stå med roret, halde utkikk, gå brannvakt og heise segl, manuelt med tau, sjølvsagt. Sistnemnde er gjerne gjort ved hjelp av å synge shantyar for å hande rytma, noko som verkeleg set stemninga! Når ein ikkje er på vakt, er ein fri til å gå under dekk og ta ein powernap i hengekøya si dersom det skulle friste, eller spele ei runde kort eller ti med dei andre medseglarane, som du garantert knyt tette band med. Heilt til du høyrer ”all hands on deck”, og alle må i arbeid for å gjere ei større manøvrering.

Medseglarar i arbeid. Foto: Privat

For det er ingen kvileferie, det å delta på Tall Ships Races, men det er likevel verkeleg ei moglegheit til å finne roa vekk frå kjas og mas heime – ein rekk berre ikkje å kjede seg. Skulle det freiste, kan du også få moglegheita til å klatre i riggen eller fram i baugspydet, anten for å pakke segl, eller berre for å nyte utsikta.

Medseglarar klatrar i riggen og pakkar segl på Statsraad Lehmkuhl. Foto: Privat

Når alle båtene er komne i hamn, er det klart for premieseremoni, crew party – der alt av mannskap og medseglarar samlast, får gratis mat og øl, og feirar seieren eller sørgjer over tapet, men med godt mot. Innan ein kjem i hamn, har ein allereie rukke å bli godt kjende med medseglarane frå eigen båt, men dette er ei gylden moglegheit til å bli kjend på tvers av dei konkurrerande skipa.

Det er som oftast sett av fleire dagar i verts-by,  med tid til å nyte lange soldagar på stranda, dra på sightseeing og nyte ei øl(eller ti?) på ein av pubane langs hamnepromenada.

Dersom du vil lese meir, er heimesida til arrangøren her:

https://sailtraininginternational.org/sailonboard/

Eit lite tips: Er du mellom 15 og 26 år, og kjem frå vestlandet, kan du søkje om inntil 3500kr i stipend til å segle med Statsraad Lehmkuhl, Noregs største seglskip, gjennom Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl! Her kan du lese meir om det: https://lehmkuhl.no/praktisk-informasjon/sok-stipend/

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV!

Få med deg tilbud, nyheter og ting som skjer hos oss.

circle-arrow-up