Mat
Speedy Romeos
Ein av dei beste pizzane eg har smakt, kom frå Speedy Romeos. Spennande smakar, nøye samansett og gjennomtenkt, og deilig atmosfære har gjort denne til ein favoritt blant mange, inkludert jentene i HBO-serien Girls, som har denne som stamplass.
Clementine Bakery
Etter å ha spist middag på Speedy, anbefalar eg å springe over gata til Clementine for dessert. Kunstnerisk utførte cupcakes, deilig bakverk, og ein stor meny med noko for ein kvar smak, gjer at det nesten alltid er kø her, men det er det verdt! Alt her er vegansk, og dei har også mykje glutenfritt, så her er det noko for dei fleste!
Stonefruit Espresso
Ein plass som kombinerar plantebutikk og kafe resulterar i ein skikkelig bra hangout-spot. Dei har skikkelig god kaffe(sånn skikkelig god), og massevis av deilig mat. Alt er vegetar, og dei har også ein del som er vegansk. I tillegg er utvalget av glutenfritt bra også her.
Robertas
Spør sånn cirka kven som helst du møter på i Bushwick-området om kor du skal ete, og dei vil anbefale deg å gå på Robertas. Denne perla av ein pizzaplass er lett å oversjå, då inngangsdøra går veldig i ett med omgivnadane og ikkje viser tydeleg at det er ein restaurant der i det heile, men bak døra gøymer det seg store både inne-og uteområder. Du vil ikkje gå glipp av denne!
Chilos
Her får du servert taco. Men hvis du trur det liknar fredagstacoen du er vant til heime, tek du feil. Blant dei spennande alternativa på menyen finn du mellom anna kaktus-taco, og den er verdt eit forsøk. Er det fint vær, sett deg ut i bakgården og bestill maten frå ein foodtruck som står parkert der permanent, og prøv deg på ein av dei mange gode drinkane deira - det er nemlig eigentleg ein bar meir enn ein restaurant. Chilos lagar så bra taco at det er avhengigheitsskapande. Så er du advart.
Dough
Sinnsjukt gode Doughnuts. Need I say more? Koselig lita sjappe som spesialiserar seg på doughnuts og har eit stort utvalg smakar, frå den klassiske glaserte til lemon poppyseed, hibiscus, og min personlige favoritt - sjokolade. Verdt kvar einaste kalori, og køa som nesten alltid er lang - av ein grunn.
Sauvage
Etter ei lenger shoppingrunde i bruktbutikkmekkaet som er Williamsburg, er Sauvage perfekt for digg brunsj. Kult interiør, god, klassisk meny med spennande tvistar, og forfriskande cocktails(det er alltid happy hour ein eller anna plass, sant). Tipp topp, rett og slett.