Nomaden - Reisebutikken

Vi elskar: Icebreaker
Inspirasjon

Vi elskar: Icebreaker

TEKST / BILDE Ingeborg Sævik Heltne / Foto: Icebreaker

Er det eit materiale vi virkelig elskar, så er det ull. Ull kjøler når det er varmt, varmar når det er kaldt, er naturlig antibakteriellt, er naturlig, punktum. Og så er det skikkelig deilig å ha på seg. Enda meir enn bare ull, så elskar vi IceBreaker-ull. Produsert for å vare, med bærekraft og etisk produksjon i sentrum hele vegen, fra sauebøndene på New Zealand, til fabrikkane som syr plagga til deg, via oss. IceBreaker er eit New Zealandsk merke med fokus på ull - nærare bestemt merinoull. Slagordet er move to natural, og det naturlige, det ekte, er hovudfokuset til merket. Plagga er tynne, lette og allsidige, laga for å vere den perfekte kompanjongen til eit kvart eventyr. Kjølande når det er varmt, og varmande når det er kaldt - og fukttransporterande.

Frå produksjon...

Icebreaker får ulla frå ei lita gruppe nøye utvalgte sauebønder på New Zealand, som blir stillt dei høgaste krava når det gjeld miljøhensyn, dyrevelferd og kvalitet, og er mellom anna 100% mulesing-fri. Les meir om bøndene her.

På heimesida kan du også lese om verdikjeda og fabrikkane til IceBreaker, og du kan, i motsetning til veldig mange andre merker, gå inn og lese om kvar enkelt fabrikk på nettsida deira. Dei gir årleg ut ein Transparency Report, som er tilgjengelig for alle, der ein kan lese om alle ledd av produksjonen deira, og som gjer at vi kan tru på dei når dei seier at etikk og bærekraft verkeleg er teke på alvor. 

..Til produkt

Icebreaker sine produkt er som regel ikkje 100% merino-ull. Rart, tenker du kanskje. Men det er eigentleg ikkje det. Plagga blir designa etter fire prinsipp: 

Dei gongane merinoulla er blanda med andre materialer er det alltid nøye gjennomtenkt. Lycra blir blanda inn i undertøyet for stretch. Ofte blir tynne ulltrøyer vevd av ull surra rundt ei kjerne av nylontråd, som hevar kvaliteten og gir lenger levetid i plagget, utan å gå på bekosting av dei gode kvalitetane til ull. I plagga som er Cool-Lite, dei vi har mest av, er merinoull blanda med tencel, eit naturfiber av bambus, som er gjer at dei regulerar temperaturen enda betre på varme dagar enn rein ull, samtidig som det framleis held på varmen når det er kjøligare i lufta. 

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV!

Få med deg tilbud, nyheter og ting som skjer hos oss.

circle-arrow-up