Materialer 101

Kva betyr eigentleg primaloft? Kvifor sluttar vi aldri å mase om ull? Og Tencel - kva er det? 

Det kan være vanskeleg å orientere seg i jungelen av rare ord på vaskelappen på alle mulige ting - så her kjem materialer 101.

Syntetiske materialer: Naughty or nice?
Ord som nylon, polyester, viskose, elastan og akryl er ofte å sjå på vaskelappen til kle. Dette er syntetiske materialer - det vil seie at det er laga av plast. Fordelen med slike materialer er at dei er sterkare enn mange naturfiber, at dei er billige, og lett tilgjengelige. Samtidig er dei ofte stretchy, og tek opp lite fukt. Dette gjer at dei også er populære i skall-lag som skal være vanntette eller vann-avstøtande. Opp til 60% av all tekstilproduksjon i verda i dag består av syntetiske materialer. Dermed møter du på dei ofte - også på Nomaden. 

Syntetiske fiber har fått eit dårleg miljø-omdømme. Plast er ein ikkje-fornybar ressurs, laga av olje. I tillegg skil syntetiske fiber ut mikrofiber i bruk, og spesielt i vask. Desse mikroplast-partiklane havnar i naturen, og bidreg til plastforureining i havet - så mykje som 20 til 35% av plastforureining kjem frå tekstiler. Det blir også nytta ein del kjemikalier i produksjon av syntetiske fiber. Kjemikalier er ikkje grunnleggjande farlige, men somme er verre en andre. Sjå derfor etter merker som er opne om sin kjemikaliebruk, og korleis dei jobbar for å hindre forureining rundt fabrikkane sine. 

Likevel er syntetiske fiber ofte veldig nyttige, og det er ikkje heilt svart/kvitt. Sjå gjerne etter resirkulerte materialer, og merker som er opne om kva kjemikalier dei nyttar, og vask plagga minst mogleg. Når for eksempel fleece-gensaren treng seg ein vask, og det ikkje er nok å henge den til lufting eller å tørke over den med ein klut, kan du nytte ein vaskepose som fangar opp mikroplasten som ellers ville havna i havet - som Guppy Friend. 

Isolasjon: Primaloft
Primaloft er den leiande forma for syntetisk isolasjon i kle, og fungerar mykje på same måte som dun - men primaloft er for det første vegansk i motsetjing til dun, og er i tillegg vanntett, og er dermed betre i vått vær enn dun. Som diskutert over, er syntetiske materialer laga av plast. Her er ikkje Primaloft eit unntak. 

Visste du forresten at Primaloft først vart utvikla for det amerikanske militæret? Dei trengde eit isolerande materiale til uniformene, som var varmt nok til oppdrag på vinteren, som pusta, og som tålte å bli vått, til dei mest krevjande forholda. 

Ull
Det er ingen hemmelighet at vi elskar ull her på Nomaden. Ull varmar når det er kaldt, kjøler når det er varmt, og kan nyttast lenger mellom kvar vask enn mange andre materialer. Ull kjem - som vi veit - fra sau. Derfor er det viktig for oss at merkene som lagar ulltøyet vi sel er opne om korleis dyra dei får ulla fra har det, og at dei har strenge rutiner for dyrevelferd. 

Ull er eit naturlig materiale, som dermed er både fornybart og som ikkje slepp ut mikroplast verken i bruk eller i vask. I tillegg krevjast færre kjemikalier i produksjon av ulltøy enn for til dømes bomull og syntetiske materialer. 

Lyocell
Lyocell, eller tencel, aukar stadig i popularitet. På Nomaden finn du mellom anna tencel blanda med ull i plagg fra Houdini. Tencel er eit naturlig, syntetisk fiber. Sjølvmotseiande? Nei - berre litt mer komplisert enn enten-eller. Det er eit syntetisk fiber laga av cellulose - altså tre. Dette skjer gjennom en ganske komplisert prosess, men resultatet er då eit naturlig, behagelig stoff med kvalitetar som minner litt om silke. TENCEL™ er eit registrert varemerke, og ikkje nødvendigvis navnet på materialet, men dei to orda nyttast ofte om kvarandre. 

Lin
Lin er ikkje fullt like vanleg som materiala over, men like fullt populært, og eit utruleg funksjonelt materiale. Dyrking av lin-planta krevjer lite vatn, og generelt lite gjødsel, noko som gjer den lite ressursintensiv å dyrke. Likevel er det verdt å merke at det krevjer ein del vatn å prosessere lin til tekstil. 

Lin er genialt i det at det absorberar godt, tørkar raskt, og er naturlig antibakterielt. Det gjer det til eit ypperlig materiale til reising, sidan det krevjer mindre vask enn mange andre materialet. Riktignok blir lin fort krøllete, men det er ikkje så farlig. 

Silke
Den gode, gamle silka. Den vi ofte forbinder med pene skjerf og finstas. Det er å undervurdere materialet. Silke har ei fantastisk evne til å kjøle når det er varmt, og varme når det er kaldt. Det blir stadig meir populært å blande med ull, noko som gjer ulla mjukare mot huda, og enda meir effektiv til å transportere fukt og regulere temperatur. 

I tillegg er silke ein langvarig favoritt til lakenposar. Den lette vekta, temperaturreguleringa og dei pustande kvalitetane gjer silke til det perfekte valget for dei som er ute etter å redusere vekt på bagasjen, uten å gå på bekostning av funksjonalitet. 

Så - kva er mest bærekraftig?
Kjøp mindre. Enkelt og greitt. Unngå blandingsmaterialer. Det vil 
seie - velg 100% syntetisk eller 100% naturfiber. Det gjer det enklare å kjeldesortere og gjenbruke materiala etter at plagga er brukt opp. Et unntak er resirkulert ull. For å produsere innanfor planetens tolegrense er det avgjerande at vi har meir sirkulære verdikjeder. Det inkluderer å nytte resirkulerte materialer. Dessverre er det slik at ullfiber ikkje kan resirkulerast utan å blandast med andre materialer, gjerne syntetiske.