Ingenstad

Ingenstad

Ordinær pris 399,00 kr
/
Mva inkludert Frakt beregnes i kassen.

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi blir med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

  • Forfatter: Gunnar Garfors
  • Publisert: 2019
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Norsk (nynorsk)
  • ISBN: 9788279592907

Kanskje liker du også...